Veke 23
I finvéret siste veka har me vore mykje ute, både på tur og på uteområdet i barnehagen. Me har bl.a. teke fram att vatnleikene, godt å kjøle seg ned og bløyte seg ut litt når det er skikkeleg heitt på ettermiddagane.
Turane har bl.a. gått til Mørkridsdalen og fuglekassen. I Mørkridsdalen hadde me ein innholdsrik dag. På Grasøy fekk me prøve dei ulike redskapa frå "gamle dagar", der kunne me vore heile dagen, så kjekt er det å få prøve å felle tre! Men turen gjekk vidare forbi løypestrengen og fram til almetrea, der åt me nista vår, før me tok til på heimvegen. Sidan elva var så stor gjekk me i tau, det var nytt og spennande for oss.
På turen for å sjekke fuglekassa oppdaga me at det har komme fugleungar!
Tysdag hadde me besøk av 5. klasse/fadrane og Wenche til lunsj. Dei hadde me bedd på besøk fordi dei har lest til oss kvar onsdag dette året.
Vel møtt til sommarfest kl 17 idag!