Veke 21
Den siste veka har me hatt fleire dagar som har vore litt utanom det vanlege. To ekstra spennande og kjekke dagar har vore besteforeldredagen og 6-åringane sin dag.
På besteforeldredagen serverte me vafler, kaker og kaffi og song mange fine sangar. Kjempekjekt at så mange kom!
6-åringane sin dag er ein tradisjon for dei som er eldst i barnehagen og snart skal begynne på skulen. Programmet for dagen var først bading på Fjordstova, når dei kom oppatt i barnehagen hadde dei yngre ungane pynta bord og laga pizza som alle kosa seg med, til slutt såg 6-åringane film. Ein kjempefin dag!
Me har også vore på to turar, til leikeplassen i Moane og til cruisekaien.