Veke 20
Sidan sist har me..
..hatt miljødag. Heile oppvekstsenteret plukka boss på Skjolden og i Fortun. Barnehagen og 1. og 2. klasse hadde ansvaret for området rundt oppvekstsenteret og gangvegane rundt. Me vart positivt overraska over at det var lite å plukke i år!
..hatt matdag. På menyen sto det ris, fiskepinnar og raspa gulrot.
..snakka om 17. mai, laga 17. mai-sløyfer og teikna flagg i massevis. Ingen tvil om at me veit kva fargar det er i flagget vårt no!
..hatt om tema Wittgenstein. Denne gongen fekk ungane skrive på pc om turen til "Østerrike". Dei brukte tastatur og mus, fann rette bokstavar og såg at dei dukka opp på skjermen. Det er IKT i barnehagen i praksis.