Veke 19
Den siste veka har me hatt flott vårver, og det passa fint sidan me hadde mange uteaktivitetar på planen.
Fredag hadde me sykkeldag på tennisbana. Denne dagen fekk me og eit sjeldant besøk, me var så heldige å få besøke av to raudruss som delte ut is til oss.
Måndag var det miljødag, 2010 var med småskulen og plukka boss i området ovanfor og nedanfor skulen. Til belønning for god innsats fekk me is.
Tysdag var ei gruppe på tur med 4. klasse til Sengaberget og "nye-posten" Bolstadmoen. Veldig kjekt å vere på tur med "skuleungane", spesielt når dei tek oss på ryggen i dei brattaste bakkane.