A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Veke 14

016
020
027
047
049
060
062
065
069
067

Denne veka har det vore nokre ting litt utanom det vanlege. Me hadde den tradisjonsrike påskefrukosten på tysdag, takk for besøket til alle som kom! Kjekt å høyre at så mange likte maten vår.

Me har hatt symjeopplæring att, Wenche er med og ho gjer ein god jobb for å gjere barna trygge i vatn. Me ser framgang mellom kvar gong.

Torsdag kosa me oss med salat til lunsj, då plukker me sjølve kva me vil ha, men me prøver alle å smake på noko nytt.

Som de ser på bileta har me laga påskepynt, alle vil få med seg heim det dei har laga no før påske.

Fredag skal det vere kulturøkt på skulen frå kl 11 - 13. 2011 og 2012 skal framføre ein song og dei skal vere med på felles songar ilag med skulen. Vel møtt til alle.

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS