Veke 11
Det nærmar seg påske, og tradisjonen tru har me hatt påskefrukost. Flott at så mange tok seg tid til ei koseleg morgonstund med oss.
Dagen før påskefrukosten tok ungane del i forberedingane og pyntinga. I løpet av denne veka vil alle få med seg påskepynten sin heim, så hugs å sjekk hyllene.
Ellers er me som vanleg mykje ute, no kosar me oss med at sanden og sola kjem fram att. Nokre turar i nærområdet og i gymsalen har me også hatt.