A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Veke 1 - Godt nyttår!

006
014
042
026
045
049
065
091
093

Godt nyttår!

I barnehagen har me rydda vekk jula og er klare for det nye året. Tema denne månaden er "lesing og leseglede", det er leseveker på heile oppvekstsenteret i denne perioden. Me i barnehagen vil bl.a. bruke dialogisk lesing og ellers lese meir enn vanleg, bruke biblioteket og kose oss med bøker. Det står meir om temaet på månadsplanen.

Sjølv om me er ferdige med jula er det tydeleg at den har "satt spor", mange ungar går fortsatt rundt og syng på "Bjelleklang" og "På låven sitter nissen" osv. Rett før jul hadde me ein kjempekjekk nissefest der me fekk besøk av sjølvaste nissen. Enda er det nokon som seier "nissen kjemme?!" når det går i døra. Nissen fekk ein varm mottakelse i år, mange ga til og med klem til han, så han kjem heilt sikkert att neste år.

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS