A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Val av styre i klasseråd

Kampen om leiarplassen vart jamn og spennande!
Føreløbig resultat
Føreløbig resultat
Spennande
Spennande
Spennande
Spennande
Trekking
Trekking
Vinnaren vart kåra
Vinnaren vart kåra
I desse valtider passa det veldig godt å starte skuleåret med praktisering av demokrati og val av styre i klasserådet.
Tre kandidatar sto på val om leiarplassen, og etter ei kort rådslåing med medelevar og ein liten valtale frå alle fire som ville vere med i styret, var det klart for avstemming.
Det vart eit svært jamt løp om å vinne plassen som leiar. Då det sto 3 stemmer att, var stillinga 4/6/5, og her skal eg seie det var nervøs spenning og forventning då dei siste lappane vart lese opp! Då alle stemmene var opna og talde var det klart at det var Aril som er den nye klasserådsleiaren i storskulen.

Leiar: Aril
Nestleiar: Emil
Skrivar: Daniel P

Gratulerer!

Så no håpar me at det kjem mange gode saker inn til klasserådet - hugs å bruke den raude postkassen i klasserommet.

Takk til den gamle klasserådsleiaren og skrivaren for eit godt utført val :)
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS