A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Val 2013

I samfunnsfagstimen i dag tok me turen ned til vallokalet på Skjolden. Der blei me møtte av tre smilande og hjelpsame funksjonærar. Anders Bolstad tok oss med på ein omvisning i vallokalet og forklarte oss korleis valrutinane er. Elevane fekk både sjå og lese på listene til dei ulike partia før me gjekk ut att i gangen der Anders viste oss stemmeurna der stemmesetlane skulle oppi, og fortalde meir om kva som skulle skje vidare utover dagen.

Etter omvisninga sat elevane i gangen og såg på då læraren gjekk inn i vallokalet, kom ut att med stemmesetelen i handa, vart avkryssa i manntalet, fekk stempla stemmesetelen og putta han i stemmeurna.

Tusen takk for ei flott guida tur i og om valet!

Då me kom opp att på skulen jobba me vidare med valet, og elevane hugsa nesten alle dei politiske partia i Sogn og Fjordane.

Nå er me spente på resultatet og kven som blir den nye statsministaren i Noreg! Godt val!

Inni vallokalet
Inni vallokalet
Omvisning v Anders Bolstad
Omvisning v Anders Bolstad
Parti på val i Sogn og Fjordane
Parti på val i Sogn og Fjordane
Smilande og hjelpsame funksjonærar på Fjordstova
Smilande og hjelpsame funksjonærar på Fjordstova
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS