Uteskule
1. og 2. klasse har hatt uteskule på leikeplassen i Moane to gonger så langt i år, det har vore veldig kjekt!
Første gongen laga me rognebærpynt og moseballar. Før me laga hjerter eller sirklar av rognebær måtte me telje til 20. Me laga óg insektsfeller av poteter.
Andre gongen var 5-åringane frå barnehagen med oss på uteskule óg. Me delte oss i grupper og hadde ulike aktivitetar. Me skulle bl.a. finne noko mjukt, noko med ru overflate, noko trekanta, noko raudt/grønt/gult osv ute i naturen. Moro, litt utfordrande og god øving i gruppearbeid.
Kvar gong me er der skal me ta bilete av ei rogn og ei furu for å sjå korleis/om dei endrar seg i løpet av året, me limer bilete av trea inn i naturfagsboka på skulen og skriv "rapport" for kvar gong.