A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Uteskule

Me samlar 20 gule blad som me skal bruke i KHV
Me samlar 20 gule blad som me skal bruke i KHV
Rogna som me følgjer med på
Rogna som me følgjer med på
Furua som me følgjer med på
Furua som me følgjer med på
Kjekt å leike i sandkassen
Kjekt å leike i sandkassen
Me lagar pynt av rognebær
Me lagar pynt av rognebær
Insektsfelle
Insektsfelle
1. og 2. klasse og 5-åringane er klar for fysak med ulike former
1. og 2. klasse og 5-åringane er klar for fysak med ulike former

1. og 2. klasse har hatt uteskule på leikeplassen i Moane to gonger så langt i år, det har vore veldig kjekt! 

Første gongen laga me rognebærpynt og moseballar. Før me laga hjerter eller sirklar av rognebær måtte me telje til 20. Me laga óg insektsfeller av poteter.

Andre gongen var 5-åringane frå barnehagen med oss på uteskule óg. Me delte oss i grupper og hadde ulike aktivitetar. Me skulle bl.a. finne noko mjukt, noko med ru overflate, noko trekanta, noko raudt/grønt/gult osv ute i naturen. Moro, litt utfordrande og god øving i gruppearbeid. 

Kvar gong me er der skal me ta bilete av ei rogn og ei furu for å sjå korleis/om dei endrar seg i løpet av året, me limer bilete av trea inn i naturfagsboka på skulen og skriv "rapport" for kvar gong. 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS