A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Utedagar barnehageåret 2014/2015

Nytt av året er at borna dykkar er så heldige å få faste utedagar både Perle og Bruse.

Bruse har tysdagar medan Perle har torsdagar. Me kjem til å bruke skogsområdet bortafor barnehagen som base. Der har me eit fint område med lavvo, benkar, slenghusker, klatrestige, bålgruve og leikehytter. Oppmøtetid på utedagane er 09.30, blir de forsinka og kjem etter at me er reist er det fint om det føl bornet dykkar bort i skogen. Det vil bli ulike aktivitetar før me et lunch ca.11.30 etter det  har me kvilestund for dei som er slutta og sove inne i lavvoen. Der høyrer me på ulike historiar/eventyr.

Me returnerar  til barnehagen i to tida.

 

Me ynskjer at borna har med ein eigen sekk som dei sjølve klarar å bære desse dagane. I sekken skal det være bytekle, de må sjølve vurdere kva bornet dykkar treng alt etter årstid. Sekken må være klar til kvar utedag, så det er fint om det sjekkar at alt er der til kvar tid. Bleier tek vi med frå barnehagen. Det er ynskjeleg at borna kjem i passande klede til å være ute i.

På utdagane kjem me til å bruke uteområdet mykje, utforske naturen og gå turar i nærmiljøet til barnehagen.

I rammeplanen står det ” gjennom arbeid med natur, miljø og etikk skal barnehagen bidra til at barna opplever naturen og undring over naturens mangfoldighet, oppleve glede ved å ferdes i naturen og får grunnleggende innsikt i natur, miljøvern og samspill i naturen”.

Ved å bruke naturen som arena for leik og læring håpar vi at me bidreg til å oppnå desse punkta.

På månadsplanen vil de finne ei oversikt over kva vi gjer på utedagane kvar veke.  

Er det noko de lurar på er det berre å ta kontakt !

Mvh Gry Anita & Ingrid

Her nokre bilder frå dei dagane me alt har vore der

bilde 1.JPG                                      bilde 2.JPG

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS