Tur til Lønnetreet og vaffler i skogen!
I dag gjekk me først opp til Lambhaug for å sjå på treet "vårt". Sjå om noko var foranda. Me såg at treet hadde byrja å få litt ny farge. Men det var mest grønt. På veg opp fann me nokre "postar" med bilete og spørsmål. Desse vert hengande, dersom nokon er på tur kan borna vise dei fram.
Me gjekk tilbake til skogen og lavoen. Der åt me skive og dei vaksne steikte vaffler på ovnen inne i lavoen. Desse smakte kjempegodt. Etter mat hadde me frileik. Her er det kjekt å sjå fantasien borna. Kjempefin leik. Me avslutta turen i skogen denne gongen med at alle borna måtte fortelje kva dei hugsa frå dagen. Dette heng i barnehagen.