A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Utedagane veke 6.

Dei eldste på Bruse på veg opp den siste bakken, før me snudde tilbake til skiheisen.
Dei eldste på Bruse på veg opp den siste bakken, før me snudde tilbake til skiheisen.
Me såg harespor på Heggmyrane.
Me såg harespor på Heggmyrane.
Aking ved Grillhytta.
Aking ved Grillhytta.
Godt med varm blomkålsuppe etter aking.
Godt med varm blomkålsuppe etter aking.
Aking ved skogen.
Aking ved skogen.

På tysdag var Bruse på Heggmyrane. Her gjekk me fyrst ein lang tur på ski før me gjekk til Grillhytta ved Bankheisen for å ete. Me hadde med pølser som me grilla. Dette var godt. Ekstra godt med varm drikke og tursjokolade. Etterpå aka me ved Grillhytta. Nokon av barna skreidde på ski.

Torsdag var Perle i skogen. Me aka på rompebrett. Til mat kokte me blomkålsuppe (eit av barna har etterlyst det fleire gonger...) og me hadde samiske brød med smør på atmed. Dette var kjempegodt.

To flotte dagar med utegruppa.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS