Utebord i nytt design
Uteborda våre har sett stusselege ut, og det tenkte me at me ville gjera noko med!
Storskulen har denne veka jobba med å friske opp utemiljøet litt, og uteborda byrjar verkeleg å få ny drakt! Me hadde tre utebord med benkar som ikkje såg spesielt fine ut, og storskulen fekk i oppdrag å måle dei. Dei kom med idèar om korleis dei ville dei skulle sjå ut og kva dei kunne gjera, og det var enkelt å fordele dei på tre grupper ut frå kva bord dei ynskte å jobbe med.
Pussinga var unnagjort forrige veke, så denne veka var det å gå i gang med å teikne arbeidsteikningar, koste vekk støvet frå pussinga, førebu til måling ved å leggja plast under borda (noko som viste seg å vera særs nødvendig!) og så ENDELEG få starte målinga! Nokre fekk svinge målarkosten med ein gong for dei skulle berre ha ein grunnfarge i starten, medan andre måtte byrja med å blande fargar. Det er reine magien - og mange flotte fargar blei det! Skuffelsen var stor dagen derpå då det regna og me ikkje kunne fortsetja målinga...
Det kunne me heldigvis i dag! Borda nærmar seg ferdigstilte, berre litt meir måling og noko justering og stabilisering av bordbeina står att. Det blir spennande å sjå korleis dei blir til slutt. Resultatet får de, om ikkje før, i alle fall få sjå på kulturøkta neste fredag.