A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Tysdagsrapport

I dag har Svein vore borte, og når katten er borte, dansar musene på bordet!
IMAG1214_800x451
IMAG1218_800x451
IMAG1217_800x451
IMAG1215_800x451
IMAG1190_600x338
Sidan me hadde heile dagen til rådighet, blanda me litt fag og tema.

1. klassen las og skreiv om bokstaven T.
Alf og Bett-bøkene vart framtekne og etter at vi hadde lese i t-boka,og funne maaaaange ord som starta me t, la dei puslespel med bøkene. Og etter ei stund fann dei ut at fasiten var å leggja dei i alfabetisk rekkjefølgje! Alfabetsongen klang jamnt og trutt under puslearbeidet.

2. klassen har jobba med spørjeord, og i dag var det duka for skriving av gåtebok på data.
Nokon gåter hugsa dei, andre gåter fann dei i leseboka og andre bøker. Dei var litt i tvil om to A5-sider med gåter kunne kallast ei bok....

I tillegg har vi jobba med teikneserie.
Først såg vi på bileta, så høyrde vi historia om sola og vinden som kappast om å vera sterkast.
Etterpå fekk dei høyra songen til Alf Prøysen om den lille kyllingen som ville ut i verda, og så fann dei bileta som passa til kvart vers der.
Då hadde dei funne ut at ikkje alt trong å vera med i teikneserien, berre det viktigaste. Om alt skulle vera med, ville teikneseriar bli veldig lange og kjedelege!
Så var dei klare til å teikna eigne teikneserier.Temaet skulle vera istid og/ eller steinalder som vi har hatt om i samfunnsfag i januar.
Og fire flotte striper vart det, berre kikk innom klasseromsdøra så kan de sjå!
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS