A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Tur til TUBBA!

Utsikt over Hafslovatnet.
Utsikt over Hafslovatnet.
Utsikt frå Tubba!
Utsikt frå Tubba!

I dag 29. september pakka me ryggsekkane våre og reiste til Tubba. Det er ein plass ved Hafslovatnet. Me køyrde bil til Straumane og gjekk derifrå. Alle gleda seg masse til å kome på tur. Det var god prat i alle bilane. Me gjekk over brua og til venstre. Her er det traktorveg nesten heilt fram.

På vegen såg me mykje rart:

  • sopp
  • blåbær, dei var veldig gode....
  • fleire bekkar
  • augestikkar
  • "barte" tre
  • Fuglefredingsområde skilt (me snakka litt om det)
  • baby frosk og mykje, mykje meir...

Etter mat var det mykje fin leik. Me gjekk ned ein tur til vatnet for å sjå.

Alle var enige om at det hadde vore kjekt. Ein super tur i flott ver!!!

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS