Symjing i 1.og 2.klasse
Når ein driv tilvenning i vatn, er det øvingar som fremjar at ein vågar å dykke nase, øyre og heilte hovudet under vatn. Elevane kan halde pusten, eller til og med klare å puste bobler ut under vatn! Me har leika eple og pærer, dykka til manadane i året (då dykker du når me kjem til den månaden du har bursdag i)og hatt flyteøvingar, dykkeøvingar/leikar og stafett. Mange vågar no å dykke under vatn, så det er viktig at elevane ikkje stoppar å bade og leike i vatn (heime eller i basseng) slik at dei held det ved like eller våge enda meir eller enda lenger...
Neste symjeperiode på skulen blir til våren.