A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Sunn livsstil i oppvekstveka

Grunnskuleveka har i år vore oppvekstveka, men vart på tradisjonelt vis avvikla i veke 45.
Tanken bak oppvekstveka er å ha spesielt fokus på samarbeid heim-skule, og nytt av året var at barnehagen også var med.
Fargerik matpakke
Fargerik matpakke
I gang på skulekjøkenet
I gang på skulekjøkenet
Matpakkelaging
Matpakkelaging
Omelett og rotmos
Omelett og rotmos
Matkurs
Matkurs
Pizzafyll
Pizzafyll
Pizza
Pizza
Klar til matpakkelaging
Klar til matpakkelaging
Fiskesuppe og pannekaker
Fiskesuppe og pannekaker
Grønsaker og fisk
Grønsaker og fisk
Måndagskvelden var det foreldrekveld med tema NETTVETT. Hilde losa oss gjennom eit opplegg med teori, videoar og opne spørsmål der me kunne diskutere kva me tenkjer og meinar om born/vaksne og nettbruk, både på telefon og data. Viktig at det blir sett fokus på nettbruk og kva som er greitt og ikkje greitt å gjere.

Onsdag var opplegget delt for barnehagen opp til og med 4.klasse som ei gruppe, og storskulen som ei gruppe. Sunn livsstil var i fokus, og FAU hadde fått Gry Tokvam med som inspirator denne kvelden. Ho jobbar på Luster vidaregåande skule, og har brei og god erfaring innan matlaging. Ho hadde laga klart eit supert matkurs der me lagde fleire rettar; fiskesuppe, grove bollar, pizza, fiskeform, omelett, rotmos og pannekaker med fyll til dessert. Fantastisk godt og lærerikt for alle! Veldig kjekt at så mange fekk vere med, og det er stor stas å ha med foreldra - lage mat i lag på skulen, og då er det også lettare at oppskriftene blir teke fram og prøvd heime også!

Barnehagen og småskuletrinnet hadde dans med Màra, minirøris i barnehagen med Bente og Anna Sissel. Dei laga også mat i lag med Ellen, og hadde felles matøkt som avslutning på kvelden.

Torsdag var det klart for dugnad på leikeplassen i Sandalunden (Moane). Foreldre og elevane var godt kledde og klar for innsats. Før dei for ut og arbeidde, hadde dei vore innom på kjøkenet der Wenche hadde lagt fram mykje godt brød og pålegg på langbord. Det var fargerikt utvalg og det var ikkje vanskeleg å lage sin eigen fristande, gode og sunne matpakke! Den åt alle i fellesskap på skulen då arbeidsøkta på leikeplassen var over. (Mange gode tips på: www.brodogkorn.no)

Kjekt at mange hadde høve til å vere med på aktivitetane denne veka, og håpar ein bruker alle tips, råd og oppskrifter vidare fram mot jul og inn i det nye året!

Tusen takk til Gry Tokvam for at ho var med oss, og til alle foreldra som både møtte og hadde spesielt ansvar for nokre av aktivitetane!
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS