SKIDAG
Tysdag 5.mars reiste Skjolden skule i lag med 5-åringane på skidag til Heggmyrane. Alle storkosa seg; nokre av oss gjekk tur i løypa før lunsj, dei største var i storetrekket og banktrekket heile dagen, og mange av dei minste prøvde skiheis for første gong(!!!) med stor suksess! :oD Starten var ganske arbeidssam... då det tok litt tid å skjøna at ein ikkje berre kunne ta tak i stanga og setta seg ned ... Men når dette var på plass så gjekk resten som ein draum! :)