A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Repetisjonsoppgåver i ASK

I dag skulle elevane løyse ulike oppgåver i matematikk, norsk og samfunnsfag.

Repetisjonspostar
Repetisjonspostar
Repetisjonspostar
Repetisjonspostar
Repetisjonspostar
Repetisjonspostar
Repetisjonspostar
Repetisjonspostar
Repetisjonspostar
Repetisjonspostar
Repetisjonspostar
Repetisjonspostar
Repetisjonspostar
Repetisjonspostar

Elevgruppene starta med å henge ut tre postar kvar. Postane har faste plassar, så det er fort gjort no. Etterpå skulle dei løyse oppgåver på desse tolv postane, nokre praktiske oppgåver med lengde og måling, andre teorispørsmål frå fagstoffet i historie og norsk. På den eine praktiske oppgåva skulle ein ta tida mens den/dei andre hoppa så lenge dei trudde eitt minutt varte. Etterpå skulle dei finne differansen mellom den tida dei hoppa og eitt minutt etter stoppeklokka. Etterpå skulle dei byte roller.

Alt etter form, føre og motivasjon kom elevane seg frå ein post til neste - nokre sprang veldig fort, medan andre tok det meir med ro. Fordelen i dag var at me kunne springe oppå snøen! Sist var det så mjukt at me seig nedi, det gjekk sjølvsagt seinare og var mykje tyngre. Poenget i fysisk aktivitet kombinert med fag, er sjølvsagt å svara mest mogleg riktig på oppgåvene. Når det er sagt, er det også ein fordel om dei klarar å yte ekstra også fysisk for å auka kondisjon og betre helsa.

Alle kom i mål, dei svarte mykje riktig, men ingen rakk å gjennomføre heile løypa, så her har me fleire økter i vente.

Vanlegvis tek elevane med seg postane inn att når økta er ferdig, men i dag skulle dei la dei henge. Lærarane skulle nemleg få prøve seg i same løypå på personalmøtet, så gjenstår det å sjå om dei klarte oppgåve like godt som elevane!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS