Pannekaker og soppstuing på menyen
For ei stund sida, sto det pannekaker og soppstuing på menyen i 6.klasse.
Gruppene jobba godt med tilberedinga, og då det var klart til servering var alle veldig klar for å smaka. Soppstuinga var mest spennande, for pannekaker var alle heilt sikre på at dei likte... "Dette trur eg er det beste eg har smaka!", var ein av kommentarane, mens ein annan var "..eg er redd eg har soppallergi, så eg trur eg står over...". Det vart også servert bringebærsyltetøy dei hadde laga tidlegare, som vart teke opp frå frysaren. Nam!