A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

På epleplukking i Solvorn

Utsikt over Solvorn
Utsikt over Solvorn
Kjempemykje epler
Kjempemykje epler
Lunsj på badestrondi
Lunsj på badestrondi
Kvilestund
Kvilestund

I dag har me vore i Solvorn for å plukke eple. Me køyrde ned til Solvorn oppvekstsenter. Derifrå gjekk me ned i hagen til Arne. Her fekk me sjå mykje epler. Mange låg i store kassar. Desse skulle sendast vidare. Me fekk plukke oss ein pose med raud gravenstein. Epla skal me lage noko av til foreldre kaffien. Alle fekk smake kvar sitt eple, dei var gode! Før me gjekk vidare fekk me også plukke keiserinnepærer.

Så gjekk me ned til strondi for å ete maten vår. Flott utsikt! Me tok ei lita kvilestund, her låg me å høyrde på alle lydane rundt oss.

Me gjekk opp att til skulen og der leika me ute før me køyrde heim til barnehagen.

Ein kjekk dag på tur. Kanskje me må ned att snart, fordi Arne inviterte oss ned att for å sjå at han laga eplesaft...

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS