Opplæring i kart og kompass
Tema denne perioden er "Verda rundt oss", og når ein skal ut i verda og i naturen, er det godt å ha kunnskap om kart og kompass!
Nord, sør, aust og vest - kompassnåla skal i alle fall peike mot nord! Elevane har tidlegare lært om kart og målestokk, men no får dei i tillegg lære om dei ulike kartteikna og korleis dei kan finne fram i naturen ved hjelp av kart og kompass. Teori i starten, men etterkvart skal dei få prøve det i praksis :)