Onsdag 22.mai hadde me foreldremøte
Han snakka om korleis dei hadde tenkt på Kaupanger skule og kva han tykkjer er viktig å ha fokus på. Han la vekt på at ein skal vere positiv og imøtekomande samtidig det var lov til å ha dårlege dagar men då hadde ein ansvar for å ikkje smitte andre.
Etter ein inspirerande økt med Geir fekk alle i oppgåve om å skrive ned minst tre punkt om kva oppvekstsenteret er gode på og kva me har som utfordringar. Det kom fram mange gode synspunkt som me tek med oss vidare i arbeidet for å utvikla oppvekstsenteret.