A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Gaupne skule

Gaupne skule er ein 1-7 skule som ligg i Gaupne, kommunesenteret i Luster kommune. Skuleåret 2020-2021 har 128 elevar tilhaldsstad her.

Hovudmålet vårt er at elevane skal nå kompetansemåla i læreplanen. Alle elevar har rett på tilpassa opplæring, og me vil gjere vårt beste for at alle skal nå så langt som mogeleg ut frå dei føresetnadene dei har. For å få til dette, har me sidan 2010 jobba med Vurdering for læring (VFL). Målsetjinga er å bruke dette aktivt i alle fag. Alle lærarar deltek i kommunale fagnettverk i norsk, matematikk eller engelsk. Nettverka har fokus på kompetanseheving og erfaringsdeling.

 

Me jobbar etter Udir sine fire prinsipp for god undervegsvurdering:

  1. Elevane skal forstå kva dei skal lære og kva som vert forventa av dei
  2. Elevane skal ha tilbakemeldingar som fortel dei om kvaliteten på arbeidet eller prestasjonen
  3. Elevane skal få råd om korleis dei kan forbetre seg
  4. Elevane skal vere involvert i eige læringsarbeid ved mellom anna å vurdere eige arbeid og eiga fagleg utvikling

 

Gaupne skule har dette skuleåret fjorten nasjonalitetar representert i elevgruppa. Me er heldige som får høve til å bli kjende med eit mangfald av kulturar, og dette gjev mykje ekstra læring for både elevar og tilsette. Me ynskjer å auke kunnskapen vår om deira heimland, og målet er å arrangere internasjonal dag ved skulen annakvart år.

VISJON, PEDAGOGISK PLATTFORM OG SATSINGSOMRÅDE

 

Skulen sine satsingsområde dette skuleåret er:

Realfag:

Førre skuleår fekk prosjektmidlar frå Den naturlege skulesekken, og me er særs takksame for at me fekk positivt svar då me søkte om ei vidareføring dette skuleåret. Den naturlege skulesekken (DNS) inngår som ein sentral del av den nasjonale satsinga som skal stimulere til berekraftig utvikling. Det overordna målet er å få grunnskular og vidaregåande skular til å utvikle undervising der elevane kan delta aktivt og påverke og bidra til ei berekraftig framtid. Undervisinga skal inkludere fleire fag og ein oppmodar til å få med alle fellesfaga i undervisingsopplegga.

Gjennom deltaking i Den naturlege skulesekken får me økonomisk støtte til fagleg og didaktisk påfyll og rettleiing. Me vert følgt opp av Naturfagsenteret og regionale kontaktar frå ulike institusjonar i lærarutdanninga.

Den naturlege skulesekken har som mål «å medverke til at elevane som framtidige arbeidstakarar får kunnskap og medvit om berekraftig utvikling og miljøutfordringane på kloden, og blir i stand til å forstå og utvikle løysingar på miljøproblema i dag og i framtida.»

Ein annan del av skulen si realfagssatsing, er at me er med i eit Erasmus-prosjekt som heiter STEAM (Science – Technology – Engeneering – Art – Mathematics). Øvrige deltakarar frå kommunen er Luster ungdomsskule og Hafslo barne- og ungdomsskule. Partnarane våre kjem frå Irland, Kroatia, Portugal og Hellas. Prosjektet vert finansiert av EU-midlar.

 

Fagfornyinga:

Alle læreplanar for fag i grunnskulen og vidaregåande opplæring er fornya, og dei nye læreplanane trer i kraft frå skulestart i august 2020. Arbeidet med å setje seg inn i desse vart forseinka grunna utbrotet av Covid-19, så lærarane kjem til å bruke mykje tid på fagfornyinga også dette skuleåret.  

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS