A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
leikar

Nytt frå skogen

 

Fuglemat

Forrige veke laga me mat til fuglane våre. Me rigga til med bål og smelta delfiafett. Oppi panna tok me solsikkefrø. Hadde dette oppi  små boksar som me sette ein pinne oppi. Det var kaldt i været så det storka fort. Då måtte me henge opp dei små kulene og vente i spaning om fuglane torde smake. Det gjekk ikkje lange stunda før den fyrste kjøtmeisa var på plass. Ungane tykte det var stas at fuglane likte maten deira. Perle var så heldig å få med seg kvar si kule heim att. Dette må me nok gjere fleire gonger.

 

Pinnebrød og pølse

Matlaging i skogen høyrer med. Denne veka hadde me pinnebrød og pølse på planen. Deigen vart laga på førehand og Bruse borna fekk vere med å rulle ut deigen og ta den rundt pølsa.  Å grille var det ikkje alle som syntes var like enkelt, det tek tid å få det ordentleg gjennomsteikt så tolmodigheitsgrensa vart grundig testa her. Då Perle var av garde hadde me rist som me la pølsene oppå då gjekk det litt enklare.

Vil til slutt minne om at ein treng godt me kle på seg for ein heil dag ute. I sekken som kvart born skal ha med skal det vere ull undertøy, gensar , bukse, ekstra par  med hue og vottar. Ungane skal ha ullkle under når dei kjem i barnehagen til utedagen sin, då er det fort gjort å kle seg ferdig.  Me satsar på å ha faste utdagar kvar veke fram mot jul, sjå ellers månadssplan for Desember.

 

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS