A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Ny, flott skidag på Hauge

Skiaktivitet er gøy!

På plass i bakken att
På plass i bakken att
Jentene klare til å skreia ned bakken
Jentene klare for å skreie ned bakken
Gutane klare for bakken
Gutane klare for bakken
Unna veg!
Unna veg!
Fleire som er på toppen
Fleire som er på toppen
Ventar på klar løype
Ventar på klar løype
Brrraaaaaa!!!
Brrraaaaaa!!!
Testkøyring av slalåmløypa
Testkøyring av slalåmløypa
God aktivitet i bakken!
God aktivitet i bakken!
Her går det unna!
Her går det unna!
....suser avgarde...
....suser avgarde...
Dette går fiiint!
Dette går fiiint!
...og jammen fekk me fyr på bålet òg!
...og jammen fekk me fyr på bålet òg!
Bålkos!
Bålkos!
Bålkos!
Bålkos!
Bålkos!
Bålkos!
Bålkos!
Bålkos!
Bålkos!
Bålkos!
No skal det bli godt med pølsemat!
No skal det bli godt med pølsemat!
Tolmod gjev godt resultat!
Tolmod gjev godt resultat!
Bålkos og aktivitet i skjønn foreining!
Bålkos og aktivitet i skjønn foreining!

Ny veke, og ny skidag på Hauge. :)

Me kom oss raskare av garde, og turen bort gjekk også fortare. Rart med det, ikkje mykje trening som skal til før ein merkar at det går betre!

Denne gongen hadde me også sekkar med niste og ekstra vottar med oss. Det trengte me, for det var kaldare i dag. God aktivitet i bakken i dag også, og me utvida aktivitetane med ei slalåmløype i tillegg til porten og hoppbakken.

Fleire meldte seg til å gjere opp bål, og jammen greidde me det på fyrste forsøk, imponerande! Veldig godt å få varme seg rundt bålet, for det er fort ein merkar at kulden kjem krypande innunder jakkene og oppi skoa når ein sit i ro ei stund. 6.klasse hadde laga pinnebrød, så dei medbrakte pølsene vart godt innpakka og grilla. Kakao gjekk ned på høgkant, mens nokre gløymte heilt å byrja å drikke... Etter ein kort eller lengre matpause var det oppatt i bakken for nye utfordringar og for å få varmen att i tèr og fingrar.

Tusen takk til Johannes og Elin for at me får låne denne supre plassen, me kjem gjerne att!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS