Natursti
I dag har 1. og 2. klasse fått repetert noko av pensumet i samfunnsfag, naturfag, norsk og matetmatikk.
Til siste økt i dag hadde Hilde laga til 28 oppgåver med spørsmål frå det me har lært dette skuleåret i ulike fag. Desse hang ho opp rundt om ute. Så jobba me i grupper og fann fram til bokstavar som til saman utgjorde: "I morgon er det sommarferie. Hurra!"
Nokon spørsmål var lette, medan andre måtte me gå tilbake og pønska litt meir på.
Akkurat då klokka var halv to, kom den siste gruppa i mål!
Nokon spørsmål var lette, medan andre måtte me gå tilbake og pønska litt meir på.
Akkurat då klokka var halv to, kom den siste gruppa i mål!