A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Ta med noko frå naturen som kan etast...

Naturens skattkammer!

Me har vore på to turar til Mørkridsdalen, og me har blitt inspirert av den flotte naturen og alt den har å by på. Tilbake på skulen og mat og helse-timen fekk elevane i lekse å ha med noko frå naturen som me kunne lage noko mat av.
Flott resultat!
Hovudrett

Elevane hadde mykje godt med seg og me bestemte rettar når me såg kva me hadde å ta av, og det var ikkje lite! Me hadde nyper, bringebær, rips, blåbær, skogsbærblanding, plommer, eple, vårlauk og purrelauk! Kva skal me lage?? Me kika i skapet og kjøleskapet på kjøkenet, og fann fleire ingrediensar der. Forslaga var fleire, men til slutt enda me på nypesuppe servert med piska krem og mandlar, og plommegraut servert med krem og sukker til hovudrett. Til dessert kunne me friste med eggedosis med rips, bringebær og skogsbærblanding,i tillegg til blåbærmuffins og eplekake med piska krem. For mange vart det nye smaksopplevingar, og det var spennande å lage og prøve noko nytt. Andre rettar hadde dei smakt før, men like fullt veldig godt! Matbordet vart pynta med råvarene som ikkje vart brukte denne gongen, og det vart fargerikt og flott! Lauken får me nytte seinare, kanskje til kulturøkta 5.oktober? 5.klassingane vart invitert til å smake, og det vart til og med ein smaksprøve til dei andre vaksne på huset også! Naturen har mykje å by på, her anbefalar me andre til å setje i gang!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS