A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Munch-utstilling

Lite skrik, men mykje flott å sjå!

Baking av eplekake
Baking av eplekake
Frå utstillinga..
Frå utstillinga..
Frå utstillinga
Frå utstillinga
Gallerikikk
Gallerikikk
Gallery-walk
Gallery-walk
Kakepause
Kakepause
Kanapèar
Kanapèar
PA170160
Sal av eplekake med vaniljesaus
Sal av eplekake med vaniljesaus
Sal
Sal
Skrik ved publikum
Skrik ved publikum

No er endeleg dagen komen, og utstillinga er klar. Me har jobba med Munch i perioden som var, og resultatet kan de no sjå i ei flott utstilling i allrommet!

Her har heile oppvekstsenteret drege lasset i lag, og bidrege med sitt til utstillinga. Utstillinga var open frå 12:30 - 15:00 i dag, og dei besøkande fekk servert velkomstjus og kanapèar. Viss dei ville ha meir i magen, var det mogleg å kjøpe nylaga, lunken eplekake med vaniljesaus, kaffi og saft.

Det var mange godord å høyre blant dei frammøtte, og no veit me at me har mange kunstnarar i ungeflokken vår!! Mange måleri med utgangspunkt frå Munch sine bilete, men nokre med ein heilt ny vri :)  I klasseromma var det også mykje å sjå, både teikningar, skriv, fotografi og måleri. Engelske skildringar, spørsmål og søknader til ulike jobbar hjå Munch kan ein også lese i allrommet, så det er litt av kvart å sjå på skulen no om dagen!

Utstillinga skal stå framme ei veke, så har du høve så stikk innom og sjå! Velkomen!

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS