A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Morosame magnetar

11.april fekk elevane i storskulen løyse eit kjend, men likevel ukjend eventyrproblem...
Skiljing av to stoff  med magnet
Skiljing av to stoff med magnet
Skiljing av to stoff  med tavlemagnet 2
Skiljing av to stoff med tavlemagnet 2
Skiljing av to stoff  med magnet
Skiljing av to stoff med magnet
Magneten gjer jobben!
Magneten gjer jobben!
Alle hadde sjølvsagt høyrt eventyret om då Askepott fekk den umoglege oppgåva av den slemme stemora si; nemleg å skilje linsene frå ertene. Ho fekk god hjelp av fuglevenene sine, det hugsa dei godt!
Oppgåva i denne naturfagtimen var også å skilje to stoff frå kvarandre, noko som i utgangspunktet såg litt umogleg ut. Dei fekk ikkje vite kva stoff det var, anna enn det dei såg, og at det kvite skulle for seg og det grå skulle for seg. Dei kunne, som Askepott, få hjelp, men kva hjelpemiddel dei ville bruke måtte dei finne ut sjølve.

Gruppene fann ulike hjelpemiddel, men då tavlemagneten vart prøvd, såg dei at det fungerte sånn nokolunde. Då fann dei ut at det eine stoffet måtte vere noko metall, og det var heilt riktig. Stoffblandinga var sukker og jernfilspon, og då den sterkaste magneten kom fram, vart det liv i leiren... Alle fekk sjølvsagt prøve, og det var stilig å sjå korleis magneten trakk til seg jernfilsponet! Berre prøv :)
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS