A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Tysdag 20.november var heile dagen via til matematikken i storskulen

Mattedag!

Etter mykje jobbing i boka i matematikktimane, var me klare for litt anna. Difor valde me å arrangere ein mattedag for storskulen, og hovudtema var multiplikasjon.
Mult.tab. gul
Mult.tab. gul
Heia, kom igjen!!
Heia, kom igjen!!
Rett oppg og svar i rett boks 1
Rett oppg og svar i rett boks 1
Mult.tab.grøn
Mult.tab.grøn
Mult.tab.kvit
Mult.tab.kvit
Klar - ferdig - gå!
Klar - ferdig - gå!
Mattedag, leite
Mattedag, leite
Her var rette lappen
Her var rette lappen
Rett oppg og rett svar i rett boks 2
Rett oppg og rett svar i rett boks 2
Dagen starta med målet: Å verta trygg på multiplikasjon, både enkle stykke og oppstilte oppgåver.

Etter elevane var delte i grupper alfabetisk, var oppdraget å skrive multiplikasjonstabellane frå 3 til 9 på små lappar. Desse skulle etterpå brukast i ein multiplikasjonsstafett, der samarbeid på gruppa var viktig. Alle hjelper til, nokon er veldig raske med gangestykka, mens andre er kjappe til beins! Her vart det etterkvart ganske så høglytt, og engasjementet var stort, både frå den som skulle springe og dei som heia på sin representant!

Nokre problem måtte løysast undervegs - som t.d. viss ei gruppe hadde vorte einige om feil svar på eit reknestykke og lappen med det gale svaret då sjølvsagt ikkje var å finne i svarboksen, kva gjer ein då? Løysinga vart at viss det tok for lang tid, måtte "springaren" kome tilbake til gruppa å rekne på nytt - var det verkeleg 66 som var det rette svaret??

Eit anna problem var at nokre siffer og tal kunne snuast opp ned - 6 og 9... 81 og 18... er døme på slike. Kanskje hadde det vore lurt å setje ein vassrett strek under sifferet?

Etter ei lang økt ute, gjekk me inn att å rekna oppstilte multiplikasjonsstykke med fleirsifra tal - og dette treng me! Men det går stadig framover, og stadig fleire har det same svaret :)
Eigne rekneforteljingar skulle lagast og løysast, litt gjennomsnittsrekning vart det (nesten) tid til.

Ein dag går altfor fort i skulesamanheng - og denne intet unntak! JA til fleire fagdagar!!
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS