På miljødagen fann me denne nøkkelen på parkeringsplassen ved vegaskjelet.
Kven eig denne?
Parkeringsplassen ved vegaskjelet blir brukt for dei som går tur til Rebni og Rebnisli. Kan du ha mista nøkkelen din, eller kjenner du nokon som saknar ein nøkkel, så gje tips vidare om at den kan hentast på Skjolden oppvekstsenter.
Me finn mykje rart når me går runden og plukkar bos, og i år fann me også denne nøkkelen. Me håpar at me ved å leggje ut bilete av nøkkelen finn den rette eigaren.
Ta kontakt med oss dersom du eig nøkkelen, eller veit kven det er sin.