A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Kveldsskule

Torsdag i forrige veke hadde storskulen kveldsskule. Kvelden var sett av til å avslutte tema om Astrid Lindgren.
Pizza er veldig godt!
Pizza er veldig godt!
Pizza er godt!
Pizza er godt!
Pizza
Pizza
Nam, nam!
Nam, nam!
Heile gjengen samla på eitt brett - eller i ei trapp!
Heile gjengen samla på eitt brett - eller i ei trapp!
Elevane møtte til kveldsundervisning kl 16. På programmet sto det mange aktivitetar; m.a. lage spørjespel om Astrid Lindgren og hennar mange bok-og filmfigurar. Å lage forteljingar med nye spell og andre vriar på dei kjende og kjære figurane var også ein aktivitet. Nokre hadde knapt tid til å gjere noko anna ei heil stund for forteljingane vart både spennande og morosame!

Då det lei litt lengre ut på ettermiddagen fekk me besøk av ein ny klassekamerat som skal byrja til hausten - stor stas! Me fekk høyra litt om kvarandre, både interesser og presentasjon elles.

Tida flaug fort, som det plar gjere i godt lag, og det vart tid for pizzaservering og film! :)
Mio, min Mio har vore høgtlesingsboka, og det var kjekt å sjå filmatiseringa av boka. Me registrerte at ikkje alt på filmen stemde med boka - me anbefalar å lese boka fyrst!

Takk til alle for ein koseleg kveldundervisningskosekveldskos.... :)
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS