Rakettar av vatn
Kreative sprell
Denne perioden fram til vinterferien har me temaet KREATIVE SPRELL. Det er eit vidt omgrep, og her kjem noko av det me har drive med.
Etter me hadde vore i sløydsalen ein dag, fann me ut at me ville prøve å lage rakettar av vatn. Det kan me berre gjere viss det er minst 10 kuldegrader ute.
1: Kok opp vatn
2: Fyll vatnet oppi ein kopp/kar
3: Gå ut og kast det høgt opp i lufta
4: Vatnet vil fryse i lufta og dale fint ned til bakken.
Seinare prøvde me også å farge vatnet med konditorfarge, for å sjå om me fekk til meir fargesprakande "vatnverkeri", med litt vekslande hell...
Men det er moro å prøve ut ulike ting, så sett i gang og prøv! Pass berre på å halde litt avstand så du ikkje får raketten i hovudet.