A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Takk for dansen!

Kreative sprell med gammaldans

Det vart teljing, klapping og mange svingom-ar i Fjordstova då Kjell Einar Ormberg spelte opp til dans i Fjordstova. Han hadde med seg Lars og Sigrun Vigdal som var kjempeflinke læremeistrar då dei tysdag 5.februar tok med seg 3.-7.klasse på dansing i Fjordstova.
gmldans 1
gmldans 1
gmldans 11
gmldans 11
gmldans 12
gmldans 12
gmldans 13
gmldans 13
gmldans 14
gmldans 14
gmldans 15
gmldans 15
gmldans 3
gmldans 3
gmldans 5
gmldans 5
gmldans 6
gmldans 6
gmldans 7
gmldans 7
gmldans 9
gmldans 9
gmldans 10
gmldans 10
gmldans 4
gmldans 4
Elevane var lærevillige og ivrige dansarar og dei høyrde og såg godt etter då Lars og Sigrun forklarte og viste dei ulike trinna i fire ulike dansar.
Ein-to-tre-fir'-fem-seks-sju-åtte, snu... klapp klapp klapp, snurr rundt og i armkroken... Uffdå, der tråkka eg feil...Hurra, dette gjekk fint... Dette var mykje kjekkare enn eg hadde trudd... Ein gong til... Åååå, skal me ikkje byte på denne dansen... Dette var berre noko av det som vart sagt i løpet av dei 90 min me hadde i gymsalen på Fjordstova.

Me starta med ein polonese som nokre av elevane har dansa før, og det var ein god start! Etterpå lærte me ein klappedans før nissedansen tok over. Til slutt svinga me oss i ein finsk reinlender før dei takka for seg. Og me takka Kjell Einar for musikken og Lars og Sigrun for dansen!

Ei super økt som gjekk så altfor fort...!
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS