Kompis i all verda
Den 13.mars hadde me storfint besøk av 3 profesjonelle musikarar på skulen arr av DKS (Den kulturelle skulesekken)
"I dette Kompis-programmet har musikarane sett saman ein musikalsk meny som er inspirert av melodiar og rytmar frå ulike verdsdelar, og resultatet har vorte eit program med ein utvida musikalsk horisont, bokstaveleg tala. Deler av musikken er arrangert og tilrettelagt for elevmedverknad.."
Dette sto i programmet og jammen fekk me både høyre, sjå og vere med på denne musikalske reisa. Ein flott konsert der musikarane brukte fleire instrument, m.a. cello, fiolin og piano, men også andre instrument; ferdige og heimelaga! Elevane som deltok var i samspelet gjorde ein flott innsats, og dei besøkande musikarane var også fornøgde med dei :) Alle elevane var med på nokre songar me hadde øvd litt på i forkant.
Konserten var engasjerande, me kosa oss, og minuttane gjekk veldig fort!
Tusen takk for besøket og velkomne att!