A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Kokkekamp!

Kjøp ingrediensar for hundrelappen og set igang!
Kampen er i gang
Kampen er i gang
Kjøttsausen til pastaen tek form
Kjøttsausen til pastaen tek form
Jentegruppa har ingrediensane klare
Jentegruppa har ingrediensane klare
Heimelaga karbonader i polarbrød
Heimelaga karbonader i polarbrød
Her skal det lagast pizzadeig
Her skal det lagast pizzadeig
Karbonade i polarbrød m salat, og is m frukt og varm sjokolade
Karbonade i polarbrød m salat, og is m frukt og varm sjokolade
Spaghetti m kjøtsaus, og pannekaker m syltetøy
Spaghetti m kjøtsaus, og pannekaker m syltetøy
Pizza m salami, og is m varm sjokolade
Pizza m salami, og is m varm sjokolade
Spente kokkar ventar på resultatet
Spente kokkar ventar på resultatet
Dommarane smakte og gjorde sine grundige vurderingar
Dommarane smakte og gjorde sine grundige vurderingar
Endeleg fekk alle smake!
Endeleg fekk alle smake!
Det var nesten den einaste instruksen elevane i 6. og 7.klasse fekk før kokkekampen var i gang.
Dei fekk sjølvsagt sjå i oppskriftsbøker og planleggja litt, sjå kva som allereie var av ingrediensar i skapa på skulen og kanskje ta med litt heimefrå. Dei vart delt inn i tre grupper, og tilfeldigheitene ville ha det slik at det vart ei jentegruppe og to gutegrupper.

Oppdraget var å lage ein middag og ein dessert, og det skulle serverast 80 min etter at dei var klare på kjøkkenet.

Fem dommarar fekk den vanskelege jobben å vurdere resultatet etter smak og presentasjon. Å smake var ikkje vanskeleg... Dei gjorde ein grundig jobb, og kokkane fekk mange gode tilbakemeldingar. Mens dei venta i spenning på resultatet frå dommarane, fekk 5. klassingane og dei sjølve smake både på sin eigen og dei andre sine rettar. Og alle smakte VELDIG GODT!
Då tilbakemeldingane og resultatet frå dommarane var klart gjekk seieren til.....JENTELAGET!
GRATULERER SÅ MYKJE!!

Det er fyrste gong me gjennomfører kokkekamp på skulen, men me gjentek det nok til neste vår også, dette var moro!

Kanskje nokon fekk inspirasjon til å lage noko godt?
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS