A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Klassereglane er på plass

Det var høg lyd og mykje latter i klasserommet då me skulle laga klar plakaten med klassereglane!

 

Maling
Maling
Maling
Maling
Maling
Maling
Maling
Maling
Reglane
Reglane

No har klassereglane hengt på klasseromsdøra ei stund, og reglane vart flott omkransa av kyssemerke! Hender og føter var brukte før av elevane, og i år var dei klare for noko nytt. Avstemming vart arrangert som seg hør og bør, og flest stemmer fekk altså kyssemerka. Mykje latter og rare fjes mens dei malte leppene til seg sjølve og andre :D Reglane heng også på kvar pult, slik at dei skal vere lette å hugse på.

Me vil:

La alle vere med i leiken/spelet, og ikkje stenge nokon ute.

Respektere alle.

Høyre etter når andre snakkar.

Halde orden i eigne skulesaker og i klasserommet.

Ikkje sjå på andre sitt svar - vera sjølvstendige.

Vera stille i klasserommet når me arbeider.

Ha demokrati.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS