A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Hurra for deg som fyller ditt år!

I mat og helsetimane laga storskulen fastelavnsbollar torsdag 7.februar. Dei inviterte til bursdagsfest og hadde dekka bord med duk og blomar. Som seg hør og bør i selskap, hadde dei også laga bordkort, og det var ikkje tilfeldig bordplassering denne gongen!
fast 1_600x450
fast 3_600x450
fast 4_600x450
fast 6_600x450
fast 7_600x450
fast 8_600x450
fast 9_600x450
fast 10_600x450
fast 11_600x450
fast 12_600x450
Me feira nemleg alle bursdagane i året, og då skulle bursdagsbarna i januar sitje i lag, dei som fyller år i februar skulle sitje i lag osb. Slik fekk me eit flott langbord med alle elevane som heidarsgjestar!
Menyen var fastelavnsbollar, og ei skikkeleg fastelavnsbolle vart presentert... Bollen skal då vere delt i to, ha eit lag med krem og syltetøy før ein set den andre halvdelen på toppen! Men erfaringsmessig veit me at ikkje alle likar krem, mens nokre vil ha kjempemykje krem, nokre har jordbærsyltetøy som sin favoritt mens andre vil helst ha bringebær og nokre tykkjer bollen er så god i seg sjølv at dei ikkje vil ha noko som helst oppå eller inni.. Så då fekk dei forsyne seg sjølv og kose seg med sin favoritt, mens praten gjekk.

Her ville me også lære korleis me sit ved eit selskapsbord, vente med å forsyne seg til det er sagt ver så god, vente til fatet er kome fram til deg, ta ein bolle og sende vidare..
Vidare fortale Ellen og Wenche om korleis dei feira bursdagane sine då dei var små, og andre føyde til eigne opplevingar og stilte spørsmål. Ein leik fleire leika i selskap, var kviskreleiken. Den prøvde me også i dette selskapet, men ikkje ein einaste gong klarte me å kome heilt fram med det som det vart starta med.

Så hurra for deg... og ein av oss skal bli den neste! Gratulerer!
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS