ASK
Fysfag i matematikk
I dag har me hatt både Røris og fysfag på planen. Det er veldig godt, lærerikt, gøy og sunt å få vere aktive i løpet av skuledagen! :)
ASK-prosjektet er i full sving, og i dag svinga det også på skuleplassen då storskulen hadde si fyrste fysfag-økt ute. Vèret var perfekt! Pøsregn, slik at me fekk kjenne på kor viktig det er med gode kle til slikt bruk! :) Berre blide fjes, kjappe bein og godt reknearbeid - og vips var tida ute...
Dette blir kjekt å fortsetja med, og i morgon skal me ha Røris og fysak.
Har også fått tilbakemelding om at heimefys var/er gøy, og fleire var att på skuleplassen og gjorde leksa før dei fòr heim att i dag. Det blei hoppa og multiplisert i skjønn foreining.