Første skuledag og feiring av 10-årsjubileumet til skulen
Første skuledag starta med flaggheising ved rektor og dei nye førsteklassingane, ein kjekk tradisjon. Flagget gjekk til topps i tett skodde, men det sette ikkje noko dempar på stemninga.
Utover dagen letta skodda og det var bra, for då var det duka for feiring av skulen sin 10-årsdag. Mange møtte opp til ei fin stund, med pølser, bollar og kaker.