Fjelltur
Tysdag den 4.september blir det fjelltur for alle elevane på skulen og borna på skuleklubben. Turen går til Navarsete, Heggdalen og Heggdalsvatnet. (Engjadalen) Me avpassar turen etter borna, så dei minste går nok berre til Navarsete eller Heggdalen. Me reiser frå skulen klokka 9.00 og er tilbake til skuleslutt.
Gode kle og sko er viktig for ein god turopplevelse. Borna må ha med seg niste, drikke og det er også høve til å ha med litt turgodt for dei som ynskjer det. Dersom foreldre, besteforeldre eller andre har lyst til å vera med på tur så er det høve til det.