A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Fagre Mørkridsdalen!

Prosjektet om Mørkridsdalen nærmar seg slutten, og 4.-5.juni hadde me nok ein flott tur i dalen. Denne gong gjekk me til Dulsete.
Løa hans Hans
Løa hans Hans
Brenneslesuppe på Dulsete
Brenneslesuppe på Dulsete
Bursdagsflagget
Bursdagsflagget
Fuglefanging og ringmerking
Fuglefanging og ringmerking
Smør-risting og avslapping
Smør-risting og avslapping
Klassane hadde forskjellige oppgåver me skulle konsentrere oss om, og i storskulen hadde me om stadnamn og kulturlandskap i endring.
Kjell Einar var kjentmann og gjekk med oss frå Hødnevollen til Dulsete. På vegen fram hadde me mange stopp, der han fortalde kva kvar plass heiter og kvifor plassen har fått namnet sitt. Arne Hauge var også med oss, og han fortalde også historier om fleire av plassane, m.a. frå Sagabakken der bestefaren hans (Peder Hauge) hadde laga veg for å lettare få frakte tømmer m.m.
Det er ikkje langt mellom kvart namn, og har ikkje plassen namn seier ein "fremst i", "heimst i", "aoao i" eller "neao i". Det er veldig nyttig med mange stadnamn, då var det lett å vite viss ein skulle fortelje kvar ein trefte nokre kjende eller ein skulle fortelje kvar dei hadde sett sauene til nabobonden. Dette var GPS'en før i tida!
Fiskestopp på Storatjødni både framover og heimover, og sjølvsagt då me var på Dulsete, gav utteljing på 5 fiskar! Dei heldige hadde god grillmat om kvelden :)

Då me kom fram på Dulsete, var Ellen og 3. og 4.klasse godt i gang med å lage middag; Brenneslesuppe! Mange fekk ei positiv overrasking, og tykte suppa smakte betre enn forventa. Andre klarte ikkje ete opp sin porsjon... Storskulen laga smør av seterrømme som dei rista i eit glas. Det skulle serverast til suppa på godt brød og flatbrød. Budeia laga også hellekaker som me fekk eta før me gjekk vidare fram mot Liadn for å sjå på landskapsforandringane.

Me hadde med gamle bilete, og skulle finne att plassane for så å ta nye bilete og samanlikna dei. Det var ikkje alle som var like lette å finne, fordi det har skjedd mykje på ca 60 år!

Per Espen fanga fuglar og ringmerkte dei. Flott å få sjå fuglane på så nært hald! Då det skulefaglege var unnagjort, kunne elevane velja fritt kva dei ville gjera. Fisking og "Gje eit like vink" var populært og ikkje før ved midnatt vart store og små inkvartert i lavvoen.

Johannes og Elin Hauge opna selet sitt, så der fekk me koke suppe og steike hellekaker, og foreldra som var med fekk også overnattingsplass. Dei opna også døra til det lille praktiske uthuset ved sida av selet... Tusen takk!!

Vegen heim gjekk om Dulsethaugen og me gjekk på vegen som Peder Hauge laga. Det var nok mykje jobb og slit for å få vegen klar - det var eit godt arbeid.

Flinke, snille og positive ungar og vaksne gjer at det er veldig moro å vere på tur! Takk for turen alle saman!
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS