A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

English drama - og litt på norsk!

5. og 7.klassingane har ikkje hatt vanleg engelskundervisning på ei stund. Dei har i staden for lest og pugga replikkar til eit "sjølvkomponert" rollespel av boka til Astrid Lindgren om Skinny Jack.
Skinny Jack skremmer organisten
Skinny Jack skremmer organisten
Skinny Jack blir spøkelse
Skinny Jack blir spøkelse
Bestemor fortel at Skinny Jack forsvann då han ba organisten om tilgjeving
Bestemor fortel at Skinny Jack forsvann då han ba organisten om tilgjeving
...og alt enda godt...
...og alt enda godt...
Emil sjekkar om suppa er god
Emil sjekkar om suppa er god
Til doktoren
Til doktoren
...og alt enda (nesten) godt....
...og alt enda (nesten) godt....
Kan eg vera gjetaren din?
Kan eg vera gjetaren din?
Få høyre deg lokka..
Få høyre deg lokka..
Ja, DU kan vera gjetar!
Ja, DU kan vera gjetar!
Reven forsyner seg av godene..
Reven forsyner seg av godene..
..og slik fekk reven kvit haletipp...
..og slik fekk reven kvit haletipp...
Dette ville dei vise fram, og ba inn barnehagen og dei andre klassane på skulen.

Boka handlar kort fortalt om at ei bestemor fortel barnebarna sine om Skinny Jack som ikkje likte organisten i bygda. Han bestemte seg for å skremme han litt, og kledde seg ut som eit spøkelse. Ein dag organisten øvde, sneik Skinny Jack seg bak han og lagde skumle spøkelseslydar... Organisten hylte og sprang ut, men så viste det seg at også Skinny Jack var veldig redd for spøkelser. Då han hang fast i kyrkjedøra på veg ut, vart han stiv av skrekk og så redd at han vart verken død eller levande.

I hundre år sto han som ei støtte ved vegen attved kyrkja.

Ein kveld var ein rik mann gjest i eit selskap. Tenestejenta i huset var kjent for å vere veldig modig. Den rike mannen meinte at ho aldri ville våge å hente Skinny Jack heim til selskapet...

No kan me ikkje seie meir om kva som skjer, men me anbefalar at de les boka om Skinny Jack!

Då me likevel var samla, hoppa 6.klassingane med, og viste fram eit stykke av Emil i Lønneberget.
Han hadde satt fast hovudet i suppeskåla og måtte til doktor! Sjølvsagt gjekk alt på engelsk!

5.klasse hadde også øvd på eventyr i norsken, og heiv seg rundt og viste fram eventyret om då reven var gjetar. Dette foregjekk på norsk, og det var kjekt å få noko på norsk også, kanskje spesielt for dei yngste som ikkje er heilt fortrulege med engelsk enda...
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS