Endeleg!
Endeleg haustferie? Nei, det var ikkje det, i alle fall ikkje berre det - men endeleg ein dag me hugsa å ta bilete når alle elevane i storskulen var på plass!
Den fyrste skuledagen etter sommarferien var ikkje alle elevane på skulen, neste gong me hadde tenkt å ta det gløymde me det ut. Då me kom på det att etter nokre dagar og veker, kunne me ikkje ta det den dagen for då hadde me ikkje favorittgensaren på og håret var ikkje styla slik det skulle på eit klassebilete... ;)
Men den som ventar på noko godt osb.. Tilfeldigheitene gjorde at det blei siste dagen før haustferien - og siste skuledagen til Thea som flytta til Gaupne, og byrja på Gaupne barneskule etter haustferien.
Tusen takk for tida i lag her på skulen - og lukke til i Gaupne! Me gler oss til du kjem innom og besøker oss!