Dugnad for andre
"Ei verd i endring" er tema skulen jobbar med no. Nyheitsbiletet har lenge vore prega av flyktningkrisa, og verda og livet er for mange i stor endring. Me oppfordrar difor elevane til å gjera noko praktisk for å samle inn pengar som kan vera til hjelp. Arbeidsoppgåvene kan vera mange og varierte, det er opp til kvar heim å finne ut kva som passar dei best. Neste fredag samlar me inn konvoluttane att, og det blir spennande å sjå kor mykje 36 ungar klarar å samle inn.