6.klasse lagde chickenburgar i dag, 31.oktober.
Chickenburger
6.klasse lagde chickenburger i dag, 31.oktober.
Denne burgaren var kjempegod! Dei som ikkje fekk laga i dag, kan lage den heime. Det er godt, raskt gjort, sunt og enkelt å lage!
Her er oppskrifta (til 4 personar):
300 gram kyllingkjøtdeig
1 ts salt
1/2 ts pepar
1 egg
1/2 dl vatn
(lauk viss du vil)
smør til steiking
4 hamburgarbrød, 4 salatblad, 1-2 tomatar (me brukte paprika), lauk. Du kan også ha agurk i.
1) Ha alle ingrediensane i ein bolle eller hurtigmiksar og rør dei lett saman. Del deigen i fire og from kvar del til litt tjukke, store burarar.
2) Steik burgarane i smør i ei middels varm steikjepanne i 3-4 minutt på kvar side eller til dei er gjennomsteikte.
3) Server nysteikte kyllingburgarar i burgarbrød saman med salat, agurk, tomat, løkringar og eventuelt hamburgardreessing/ketchup.