A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Laga fuglekasse

Bruse snikra fuglebrett

 

No er det snart vinter og i skogen er det mange fuglar som me gjerne vil hjelpe gjennom vinteren. Ingrid hadde med plankar å spikar og fekk god hjelp frå mange friviliige til å snikre saman eit fuglebrett til å legge mat på til fuglane. Brettet festa me til treet nærmaste lavvoen så me kan sjå om me ser nokre fuglar når me sit og et. Me såg også i ei fuglebok, der var det og lyd av fuglane så me kunne trykke på å få høyre lydane til dei forskjellige fuglane. Mange som viste namna på ulike fuglar. No gjenstår det berre å sjå om fuglane nyttar seg av fuglebrettet. Neste gong me har utedag skal me laga fuglemat på bål. Ellers er det mykje fin leik i skogen, alle har nokon å leike med og borna er flinke å leike med forskjellige. Vil minne om at det er viktig at borna er kledd til å være ute når dei kjem(ull innderst) då er det fort å få dei kledd.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS